Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kurs

Avansert kurs Squarespace

Om kurs Squarespace avansert

Har du brukt Squarespace ei stund eller har behov for å kjenne til avanserte funksjonar, er dette kurset for deg.

Vi tilpassar kurset til dine behov, men avansert bruk av bloggfunksjonen, bruk av summary blocks, kobling mot sosiale medieplattformar,  er noko av det du lærer i dette kurset.

Gjennom kurset følgjer vi opp kunden gjennom instruksjon og øvingar.

Vi held kurset ein-til-ein og spesialtilpassar kurset etter ditt behov.


På kurset lærer du:

  • Avansert bruk av bloggfunksjonar
  • Bruk av summary blocks
  • Korleis opprette og koble opp sosiale medium
  • Foto og bildebehandling i Squarespace - "best practice"
  • Bruk av video - "best practice" 
  • 3-parts program tilknytning via code-block
  • Tabeller i Squarespace, bruk av menu-block
  • Å få oversikt over besøkstal og andre statistikkar i Squarespace
  • Produktkatalog eller nettbutikk, innføring
  • Lage landingssider, bruk av cover pages

Kurshaldar: 

Simon Falkauskas er utdanna programmerar og er den mest erfarne på Squarespcae i Skandinavia. Har utvikla meir over 100 nettsider på Squarespace. Vil du heilt i detaljar på Squarespace, er Simon den rette kurshaldaren.

Ingar Midtbø er utdanna Master i visuell kommunikasjon frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ingar er webdesigner i Gasta, har lang erfaring med Squarespace og kurs i Squarespace.

Astri Knudsen er utdanna journalist og har jobba i fleire år som nettjournalist i ba.no og sol.no. Ho har jobba som fotojournalist og har redigert bilder spesielt for nett. I dag jobbar ho med content marketing i Gasta og er ein erfaren Squarespace-brukar.

Daniel Osnes er utdanna Art director frå Westerdals og har bakgrunn frå idéutvikling og grafisk design. Daniel jobbar med markedsføring på nett og i sosiale medium og kan Squarespace til fingerspissane.


Pris:

  • Lengde: ca. 3 timar
  • Pris: kr. 4 000,-
  • Kvar: På join.me

join.me er eit gratis verktøy vi brukar for kursing av våre kundar. Det gjer det mogleg å jobbe mot same skjerm, sjølv om personar sit på ulike stader. Vi sender ei lenke som kunden koblar seg på. 

Vi føreset her at du har tatt innføringskurset i Squarespace eller har lang erfaring med Squarespace.

Gasta Design