Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kurs

Innføringskurs Squarespace

Om kurs innføring Squarespace

Er du ny i Squarespace eller treng ei innføring i korleis publiseringsverktøyet fungerer, er dette kurset for deg.

Bruk av redigeringsverktøy for tekst, innføring i blokknavigasjon, oppretting av lenker og plassering av bilder er noko av det du lærer i dette kurset.

Gjennom kurset følgjer vi opp kunden med instruksjon og øvingar.

Vi held kurset ein-til-ein og spesialtilpassar kurset etter ditt behov.


På kurset lærer du:

  • Korleis navigere i Squarespace
  • Korleis opprette og redigere sider og blogginnlegg
  • Sette inn lenker, bilder og video
  • Bruke blokk og linjer for å organisere innhald på ei side
  • Korleis lage bildegalleri
  • Korleis opprette og bruke skjema

Kurshaldar:

Simon Falkauskas er utdanna programmerar og er den mest erfarne på Squarespcae i Skandinavia. Har utvikla meir over 100 nettsider på Squarespace. Vil du heilt i detaljar på Squarespace, er Simon den rette kurshaldaren.

Ingar Midtbø er utdanna Master i visuell kommunikasjon frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ingar er webdesigner i Gasta, har lang erfaring med Squarespace og kurs i Squarespace.

Astri Knudsen er utdanna journalist og har jobba i fleire år som nettjournalist i ba.no og sol.no. Ho har jobba som fotojournalist og har redigert bilder spesielt for nett. I dag jobbar ho med content marketing i Gasta og er ein erfaren Squarespace-brukar.

Daniel Osnes er utdanna Art director frå Westerdals og har bakgrunn frå idéutvikling og grafisk design. Daniel jobbar med markedsføring på nett og i sosiale medium og kan Squarespace til fingerspissane.


Pris:

  • Lengde: ca. 3 timar
  • Pris: kr. 4 000,- inkl. spesialtilpassa brukarmanual
  • Kvar: På join.me

join.me er eit gratis verktøy vi brukar for kursing av våre kundar. Det gjer det mogleg å jobbe mot same skjerm, sjølv om personar sit på ulike stader. Vi sender ei lenke som kunden koblar seg på. 

Gasta Design