Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kurs

Landingssider

Om kurset

Korleis får ein meir ut av annonsar og kampanjar ved bruk av gode landingssider med call-to-action?

Gjennom kurset får du gode råd om design og innhald for å enkelt oppfordre kundar til aktivitet på landingssider. Vi vil gi ei innføring i A/B-testing av landingsider.

Vi held kurset ein-til-ein og spesialtilpassar kurset etter ditt behov.


På kurset lærer du:

  • Kva er god design på ei landingsside?
  • Kva er godt innhald på ei landingsside?
  • Innføring i måling og A/B-testing av landingssider
  • Bruk av cover pages for å lage landingssider

Kurshaldar:

Daniel Osnes er utdanna Art director frå Westerdals og har bakgrunn frå idéutvikling og grafisk design. Daniel har starta eige selskap i samarbeid med Gasta og jobbar med markedsføring på nett og i sosiale medium.

Astri Knudsen er utdanna journalist og har jobba fleire år som nettjournalist i ba.no og sol.no. Saman med Gasta har ho starta selskapet Drople, eit selskap som jobbar med content marketing/innhaldsmarknadsføring.


Pris:

  • Lengde: 2 timar
  • Pris: kr. 3 000,-
  • Kvar: join.me

Join.me er eit gratis kommunikasjonsverktøy vi brukar for kursing av våre kundar. Det gjer det mogleg å jobbe mot same skjerm, sjølv om personar sit på ulike stader. Vi sender ei lenke som kunden koblar seg på. 

Gasta Design