Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace
Gasta+Hilde+kontor.jpg

Funkar det?

Les meir

Vi i Gasta jobbar etter ein modell, eller filosofi om du vil, som vi kallar «Funkar det?». Modellen er inspirert av det suksessrike reklamebyrået Possible i New York, og gir oss ein enkel modell der begge partar har fokus på forretningsmål, KPI'ar (Key Performance Indicator), måling og justering.

1. Vi må forstå din visjon og dine forretningsmål

1. Vi må forstå din visjon og dine forretningsmål

Vi kan ikkje gjer ein fullgod jobb over tid utan at vi kjenner ditt firma sin visjon og forretningsmål. Vi er opptekne av å ikkje blande forretningsmål og såkalla KPI'ar (Key performance indicators).

2. Statistikk er inspirasjon

2. Statistikk er inspirasjon

Har du tilgang til statistikk eller analysetal, som f.eks Google analytics, er det eit godt grunnlag for å skape både kreative og effektive kommunikasjonsløysingar. Sentralt for oss er at vi ikkje brukar for lang tid på å utvikle ein idè. Vi skal både måle og justere.

3. Kva er det verdt?

3. Kva er det verdt?

Skal du bruke pengar på kommunikasjonsløysingar bør du vite kva ein ny kunde er verdt, eventuelt kor mykje verdi det ligg i behalde ein kunde. Vi snakkar ikkje eksakte tal, men indikasjonar, slik at vi vel tiltak som er økonomisk forsvarlege.

4. One size fits no one

4. One size fits no one

Først må vi makte å forstå målgruppa. Det kan vi ofte gjere med å arbeide med personas. Så er det heilt sentralt for oss å tilpasse løysingane til målgruppene dine. One size fits no one!

5. Mål og juster, mål og juster

5. Mål og juster, mål og juster

Her ligg essensen i "Funkar det?": vi må saman finne KPI`ane. Utan desse vil verken du eller vi vite om nettsida eller kampanjen er ein suksess. Saman finn vi måla. Så måler vi det som er viktig. Gjer justeringar, og måler igjen. 

6. Funkar det?

6. Funkar det?

Å kunne svare "Ja!! Det funkar" er alltid målet! Det er nettopp det som gjer jobben vår så spennande.