Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace
iStock_88426573_LARGE.jpg

Fornøgde kundar

Les meir

Vi designer og utviklar nettsider utelukkande i Squarespace, fordi vi elskar at det er så lett å jobbe i. Berre les kva kundane sjølv seier.

Norsk Villreinsenter

Norsk Villreinsenter

“Vi har hatt fleire publiseringsverktøy og så langt er Squarespace heilt klart den mest brukarvennlege programvaren. Det fungerer glimrande. Vi legg ut nyheiter gjennom bloggmodulen. Eg har også tatt duplikat av ei side, for deretter å redigere det slik eg vil ha den. Det er veldig enkelt og greitt. Vi brukar òg statistikkverktøyet ein del, eit enkelt hjelpemiddel. Alt i alt er vi storfornøgd.”

— Anders Mossing, Norsk Villreinsenter

Førdefestivalen

Førdefestivalen

“Squarespace er glimrande å bruke. Utifrå alt eg skal gjere, er dette eit enkelt verktøy. Vi har prøvd ein heil del forskjellige plattformer då vi som festival ikkje har for mykje pengar å bruke på nettside, og vel enkle løysingar. Det er først med Squarespace vi har funnet noko me er fornøgd med. Bildebehandling er superenkelt. Når du har knekt koden med å dra og sleppe bilda der ein vil ha dei, er det enkelt å få det fint. Det er veldig intuitivt. Vi hadde inne ein person som jobba for oss under festivalen og synes det var fantastisk å bruke noko så intuitivt”

— Torill Faleide, Førdefestivalen

Kontorrama

Kontorrama

“Mykje er ålreit med Squarespace, blant anna at det er så lett å redigere bilder og innhald. I Kontorrama har vi ein del arrangement og nyheiter, og då er det enkelt å opprette ein ny artikkel eller eit arrangement slik vi vil. Vi får det designet vi ønsker og blir alltid godt fornøgd med resultatet. Eg er ingen datanerd, men Squarespace har eit godt brukargrensesnitt som også eg skjønnar. Vi er alt i alt veldig fornøgd.”

— Bjørn Jøndal, Kontorrama

 

Brødrene Aa

Brødrene Aa

“Vi likar Squarespace veldig godt. Det er enkelt å redigere og etter kvart som vi i Brødrene Aa leverer nye båtar, oppdaterer vi referanselistene med bilde, teikningar og info. Her har vi forma ein mal som gjer jobben kjapp og enkel, samtidig som det blir fint design. Bildemodulen er enkel å bruke, og det går raskt å legge ut artiklar. I tillegg synes eg det blir veldig stilig. Vi nytter oss av koplinga mot sosiale media, der artikkelen automatisk kjem på Facebook ved publisering. Sida fungerar også bra både på mobil og nettbrett. Vi har brukt Squarespace i snart tre år og har ikkje noko å utsette.”

— Ole André Aa, Brødrene Aa

Shelby Teknikk AS

Shelby Teknikk AS

“Samanlikna med programvaren vi nytta oss av før, er Squarespace så brukarvennleg som du kan få det. Det var nytt å ta i bruk for meg, men eg har blitt godt vant til det. Sida vår er rask tross alt innhaldet vi har frå ulike leverandørar. Det er lett å duplisere sider i Squarespace og jobbe vidare med dei, og det er kjapt å redigere eller legge inn nytt innhald.”

— Preben Stene Larsen, Shelby

Kvinnherad Energi

Kvinnherad Energi

“Squarespace fungerer bra og dekker vårt behov. Vi har fleire tilsette som oppdaterer sida, med blant anna driftsmeldingar. Dei kan publisere frå mobil via Squarespace-appen, noko som gjer det veldig kjapt og enkelt. Det er låg brukarterskel, og strukturen i det er veldig intuitiv og enkel å forstå. Vi kan i tillegg få det slik vi ønskjer med struktur og design. Vi er fornøgd.”

— Kenneth Ingvaldsen, Kvinnherad Energi