Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Webanalyse - dashbord

Få oversikt over besøket til nettsida di og sjå om kampanjane er ein suksess. Med eit dashbord ser du lett om du oppnår målsettinga med nettsidene og kampanjane.

 

Bli kjent med brukarane dine

Veit du kor mange brukarar de har på heimesida? Eller korleis besøkstalla varierer? Får du med deg om pågåande kampanjar er ein suksess eller fiasko? Får du eit godt innblikk og blir god på dette, vil du skaffe deg ein langt meir treffsikker marknadsføringsstrategi. Blir du betre kjend med brukarane dine, kan du lettare kommunsere med dei. Kva les dei? Kor mister dei interessa? Kva månadar tenkjer dei i auka grad på dine produkt?

Vi kan tilby deg eit dashbord der du enkelt kan følgje med. Vi designer oppsettet slik at du kan følgje med på dine måltall. Alt du treng å gjere er å trykke på linken du får av oss og sjå på talla. 

Samle tal frå fleire kanalar

Dashbordet hentar tal frå Google Analytics, men du kan også samle tal frå fleire kanalar, til dømes tal frå Facebook, Youtube, Google AdWords og Instagram. Med dashbordet får du lett eit overblikk. Ønskjer du eit djupdykk i talla med grundige rapportar er det Google Analytics som gjeld. Dashbordet kan med andre ord godt kombinerast med faste rapportar fra Google Analytics.

Vil du vite meir? Ta ein uforpliktande prat med Vidar Bondevik.

...