Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Vil du bli viking i Gudvangen?

I slutten av mai opnar den nye vikinglandsbyen i Gudvangen. På det meste vil over eit halvt tusen vikingar stå klare til å ta imot turistane. Til sesongopninga 31. mai skal dei atten første bygga av denne kjempesatsinga stå klare.

Viking Valley er namnet på dette levande, kulturhistoriske anlegget, sjølve byen har fått namnet Njardarheimr. Her skal vikingtida og vikingane si spennande historie formidlast for cruiseturistar og andre.

Vi i Gasta er klare som egg til å besøke Njardarheimr. Vi har jobba med grafisk profil og nettsidene Vikingvalley.no på norsk og engelsk:

 
 

Og vi jobbar også med å gjere ferdig eigne, passordbeskytta sider for reiseoperatørar:

 
 

Sidene er sjølvsagt bygd på Squarespace. Vi opplever igjen at kundar tar dette verktøyet veldig raskt, og Frode Tufte i Gudvangen Utvikling as har jobba godt med innhaldet på sidene.


Vil du bli viking i Gudvangen i sommar?

Dei første vikingane allereie blitt tekne opp som frie kvinner og menn av Njardarheimr, og dermed har vikingbyen fått sine fyrste innbyggjarar. Men er du ein viking reenactor og ønskjer å søke borgarskap? Vis di interesse på Viking Valley sine nettsider!


Foto: Frode Tufte, Gudvangen Utvikling as

Gasta Design