Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Bør du satse på video?

Video er i ferd med å bli det store for mange for driv med salg og marknadsføring. I 2017 er det anslått at video vil stå for heile 74% av all webtrafikk! Dei fleste av oss konsumerer i dag betydeleg mengde minuttar med video, enten det er på ei nettside, blogg, YouTube, Instagram, Facebook, Twitter eller Snapchat. 

Og her er fem grunnar til at du også bør satse på video:

1. Video funkar!

Selskapet Brightcove anslår at ein gjennomsnittleg besøkande til nettsida brukar 105% meir tid på sider som inneheld video. Jobbar du med sosiale medium har du sikkert også opplevd at video oppnår meir engasjement.

2. Folk vil heller sjå enn lese

Ei undersøking gjort av Wyzowl viser at 79% av dei besøkande vil heller sjå ein video enn lese ein tekst. 

3. Video skaper emosjonell kobling

Med video kan du bruke musikk, animasjonar, voice-over for å skape ei stemning som eit foto sjeldan maktar.

4. Betre sjanse på Google

Google har uttalt at dei vil gjerne prioriterar nettsider med video i det organiske søkeresultatet. Men så er også Google eigar av YouTube, så det forklarar litt. 

5 Video gjer ting enklare

Har du eit komplisert produkt er video ein effektiv måte å lære potensielle kundar om produktet ditt. Selskapet Wyzowl gjorde i 2015 ei undersøking som  viste at 97% av dei som hadde såkalla "explainer video" på si nettside var fornøgd med effekten.

Showing beats telling...som vi seier i Sogndal.

Det var akkurat difor vi laga ny video for å forklare kor enkelt Squarespace er:

 

 

Interessert i å komme i gang med video?

Ring Hilde Nes Lægreid (971 72 639), Vidar Bondevik (482 36 323) eller bruk dette skjemaet.  

 

videoGasta Design