Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Effektive nettsider - god, digital kommunikasjon

2016 ligg framfor oss. Spennande, blanke ark, nye mulegheiter.
Gasta hadde i 2015 suksess med satsinga på Squarespace, content marketing og søkemotor. Her er eit knippe av oppdraga vi gjorde i 2015. Kanskje kan dei fungere som inspirasjon for deg når du planlegg dine marknadstiltak?


Nettside: Nøgne-Ø - det kompromissløse bryggeriet

Nøgne-Ø i Grimstad er ein av pionerane i den nye, populære øl-trenden i Norge. Bryggeriet er det største av lokalbryggeria i Norge, og eksporterer også ein del av sin produksjon. Nettsida er basert på Squarespace, og litt koding frå vår mastercoder Simon Falkauskas.


Nettside, content marketing, søk: Avery Dennison NTP

Avery Dennison NTP kom til Gasta og ville gjerne ha nye nettsider og hjelp til å bli meir synleg på søk. Nye nettsider i Squarespace med stort fokus på søkemotoroptimalisering, gjennomført av vår søkemotorspesialist Daniel Osnes. Så har vi også inngått avtale om fast produksjon av artiklar i 2016. Vi er i gang og gler oss til 2016!


Content marketing: Fokusklinikken

For Fokusklinikken i Oslo har vi produsert fagartiklar for nettsida, distribuert via Facebook-sida deira. Saman med meir fokus på Google Adwords-annonsering, har dette gitt gode resultat med solid vekst i besøket. Vi har også gjort avtale med Fokusklinikken om å overta all jobb med Adwords-annonsering for 2016.


Content marketing: Coop Extra

Astri Knudsen har denne hausten produsert artiklar for dagligvarekjeda Coop Extra. Dei har eit digitalt bilag med enkle oppskrifter og lure tips på kjøkkenet. Bilaget ligg med fast annonseplass på Dagbladet.no, og har som mål å ha 1 million besøkande på nettsida i månaden.


Content marketing: Kviknes hotel

Vi er i gang med å produsere artikler til Kviknes hotell sin blogg. Her skal vi selje Kviknes hotel som ein plass å gå på fotturar, nyte mat og eit utgangspunkt for opplevingar. Alt med målsetting om å få fleire besøk til nettsidene og meir booking. PS! Kviknes hotel er best på online booking i si kjede og får ein stadig større del av sin omsetning frå booking på nettsidene. 


Intranet: Normatic as

For suksess-selskapet på Nordfjordeid har vi gått litt "ut av boksen" og laga eit Intranett basert på den heilt nye og moderne plattforma Papyrs. Enkelt å sette opp, raskt å arbeide med. Vi har også inngått avtale med Normatic om å produsere artiklar til nettsidene deira i 2016. Vi gler oss!


Grafisk profil, emballasje: Haugen Gardsmat

Haugen Gardsmat er ei av dei store suksessbedriftene innanfor mat-produksjon. Vi har vidareutvikla deira grafiske profil med ny logo, fargepallett og profil. Dette gjorde vi i samband med at dei har inngått avtale om leveransar til Adams matkasse og hadde behov for ny emballasje. 


Grafisk profil, nettsider, Facebook: Restauranthuset Malin

Stor restaurantsatsing i Sogndal! Vi har utvikla grafisk profil, skilting og nettsider. Og så jobber vi fast med Facebook-sidene deira og legg ut informasjon om aktivitetar som skjer i Sogndal kulturhus. Suksess? Oh yes! Spør oss om tal.


Grafisk profil, nettsider: Skjolden hotel

Spennande ting på gang i Skjolden. Nye eigarar, Aslak og Siri Dalehaug, har flytta frå Stavanger og er no igang med oppussinga. Dette er eit par med solid bakgrunn frå hotell- og restaurantbransjen i Stavanger. Vi har laga ny grafisk profil og nettsider, som er under arbeid.


Grafisk profil, web: Abbel Tradisjonsmat as

Lokalmat er i vinden og Abbel Tradisjonsmat i Davik har fått ei fantastisk mottaking. Designer Ingar Midtbø har utvikla grafisk profil, nettsider og emballasje for Jonny & Siv. Og lanseringa før jul vart ein suksess, pinnekjøtet var utselt på eit blunk.


Facebook, digitalt bilag: Sogn og Fjordane Teater

Til førestillinga Fjordmann har vi laga eit nettmagasin, til bruk i annonser på Facebook. "Behind the scene"-innhaldet hadde som føremål å få fleire til få lyst å sjå framsyninga, og for å nå eit yngre publikum. Med Facebook sine unike segmenteringsmulegheiter kan vi annonsere mot alder, kjønn, interesser, utdanning og demografi. Responsen var god, og vi jobbar vidare med neste stykke ...


Grafisk profil: Sogndal fotball

Ei bygd. Eit lag. Ein draum. Jubelsesongen 2015 enda med nytt opprykk til eliteserien. Vi skal ikkje påstå det var på grunn av deira nye grafiske profil utvikla av designer Hilde Nes, men du veit aldri ... 


Vil du diskutere tiltak for 2016? Bruk vår prosjektplanleggar for å komme i gang.

Gasta Design