Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Treng du ein redaktør til nettsida?

Det kan vere krevjande å få tid til nettsider og Facebook som planlagt. Kva med ein redaktør som hjelper deg i travle periodar?

Eg veit kor lett det er å nedprioritere marknadsføringa i bedrifta. Tida strekk ikkje til og det er enkelt å utsette eller nedprioritere. Det er tross alt viktigare å halde hjula i gong og bruke tid på kundane. Men verdien av aktivitet på nettsidene er større enn du anar.

Ver synleg i Google

Tall visar at besøkande som kjem inn til gasta.no fra Google, nyttar over tre minuttar inne på nettsida - og besøker fleire sider. Besøkande som kjem frå andre stader forlèt nettsida etter berre eit minutt. Dette er stor skilnad. Hugs at dei som googlar ei teneste eller eit produkt har eit behov, eit behov du kanskje kan dekke?

Difor er det viktig å vere synleg hos Google. Og for å vere synleg er det viktig med aktivitet på nettsida, relevant innhald og gode søkeord. 

Vis fram kva du gjer

Det er mykje verdi i å vise kva du jobbar med, eller kva kundar du har. Skiv om det på nettsida, oppdater med jamne mellomrom. Kva med eit aktuelt-felt på heimesida eller ei referanse-side? Då kan du dele informasjon om dine prosjekt, teneste og kundar - spre det i sosiale medium og senda det ut i nyheitsbrev eller pressemeldingar.

Prisar

Dette er ein jobb eg kan gjere for deg - skape aktivitet på sida og vise kva du jobbar med. Eg kan produsere fagartiklar eller kortare nyheiter, referansar eller prate med eksisterande kundar. Eg intervjuar, samlar faktaopplysningar, finn gode vinklingar og formar tekst og bilde som appellerer. Gode relasjonar med lesarane har mykje å sei. Gjer deg sjølv konkurransedyktig på kommunikasjon! 

Eg kan til dømes gå over all tekst på nettsida di og forbetre den, og fylle på med det som manglar. Dette tek om kring ein dag (7t x 995,-) - om ikkje sida er meir omfattande. Eg kan òg produsere artiklar du hentar fram når du treng stoff, frå 3000,- per artikkel. Hugs at artiklene som oftast kan nyttast fleire gongar - og i fleire kanalar.

Astri Knudsen,
Drople AS

Gasta Design