Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

The winner takes it all

Båten "Vision of The Fjords" er levert av Brødrene Aa og basert på deira båtkonsept Seasight. I dag vart båten kåra til Ship of The Year under SMM.

SMM er den internasjonale skipsmessa i Hamburg, og samlar meir enn 50.000 besøkande frå over 100 nasjonar. Ein slik pris er stort! Difor måtte vår designer Ingar Midtbø sjølvsagt omprioritere litt, for å få laga ein roll-up for Brødrene Aa som dei kunne bruke på messa.

Brødrene Aa er verdensleiande på bygging av hurtigbåter laga av karbonfiber. Verftet ligger i Hyen i Gloppen, og sysselset meir enn 100 fagarbeidarar. Dei vart etablert i 1947.

Vi har samarbeida med Brødrene Aa sidan 2003, og jobba fram den grafiske profilen dei har i dag. For tida utviklar vi nye nettsider, der Seasight-konseptet vil bli godt presentert. Å bidra til å skape suksess er grunnen til at vi står opp og går på arbeid! 

Vi i Gasta stiller oss i køen av gratulantar.

- Les meir om våre oppdrag for Brødrene Aa 

Gasta Design