Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Stor interesse for ledige stillingar i Gasta

I starten av august søkte vi etter to designarar. Responsen vart litt i overkant av det vi hadde forventa - vi fekk 76 søkjarar!

Vi brukte kr. 50.000,- på annonsering i Finn.no, Kampanje og Kreative jobber. I tillegg har vi annonsert gjennom Sogndal fotball sine kanalar (Facebook). Linkedin vart også prøvd ut som annonsekanal, dog utan den store suksessen. Så har vi i perioden vore aktive på sosiale medier, i tillegg til at vi utvikla ein kampanjeweb i Squarespace der vi presenterte stillingane, Gasta og ikkje minst Sogndal som arbeidsstad.

Og alt dette gav effekt! 76 søkjarar var i overkant av det vi forventa - men hyggeleg. Vi er i gang med intervjuprosessen og gler oss til å presentere nye Gastadesignarar om kort tid.

 (Foto: Finn Loftesnes)

Gasta Design