Gasta design - nettsider basert på Squarespace

Squarespace vs WordPress - kva er forskjellen?

squarespace-vs-wordpress.png

Gasta har tidlegare jobba med publiseringsverktøya DNN og WordPress. I 2014 gjekk vi over til Squarespace, og vi får ofte spørsmål om forskjellen mellom Squarespace og WordPress. Under finn du ei kjapp oversikt:

FØRST: Internett er full av "objektive" testar, som regel utført av WordPress-selskap. Dette er ikkje ein slik test. Vi er veldig klare på at du kan lage gode nettsider i WordPress. Men det er forskjell i måten Squarespace og WordPress er bygd opp på. Under har vi plukka ut dei mest relevante forskjellane:

1. Konsept - Open source

WordPress er basert på opensource-kjeldekode og sjølve publiseringsverktøyet kan lastast ned gratis av alle. Så må ein kjøpe "plugings" for f.eks bildegalleri, skjema og anna funksjonalitet. I dag er det 54.674 ulike plugins tilgjengeleg, men mykje er av dårleg kvalitet. Squarespace er eigd av Squarespace, utviklinga er styrt av Squarespace og all funksjonalitet er bygd inn i verktøyet. Eit klikk så har du tilgang til all funksjonalitet! Squarespace har mange fellestrekk med Apple. Brukarvennleg, tilstrekkeleg med funksjonalitet - og alt fungerer!

2. Enkelt i bruk

Her er ingen ueinige: Squarespace er vesentleg enklare i bruk enn WordPress. Å legge til foto, video, lyd er enklare, og med "drag-and-drop" funksjonalitet er det veldig enkelt å byggje opp sider som ser bra ut. All funksjonalitet får du tilgang til i Squarespace ved å klikke på +-teiknet. 

3. Fleksibilitet

Her vinn WordPress klart. Konseptet med ei gratis "kjerne" og plugins som kan koblast til,  gjer systemet uhyre fleksibelt. Men vår erfaring etter 20 år i bransjen er at dei aller fleste vil få sine behov dekka i Squarespace. Og då er det lite interessant om WordPress har 1200 ulike bildegalleri-modular. Du vil jo som regel kun bruke ein!

4. Sikkerheit

I og med at WordPress blir drifta av tusenvis av ulike webhotell og med tusenvis av ulike plugins som heile tida må vere oppdaterte, er sikkerheit kanskje den største "akilleshælen" til WordPress. Squarespace har sentral drifting, høg oppetid og alt er heile tida oppdatert. Og status på drifta kan du følgje med på her.

5. Inline editering

Dette er ein av hovudforskjellane mellom desse to verktøya. Med Squarespace ser du heile nettsida du skal endre. Klikk på elementet, gjer endringar, dra og flytt. Med WordPress får du teksten i eige skjermbilde. Dette er kanskje det punktet våre kundar set størst pris. Med inline editering jobbar ein svært raskt, fordi du ser endringane omgåande.

 Squarespace: Inline editering - du ser heile tida nettsida du skal endre. Dra og flytt på alle element!

Squarespace: Inline editering - du ser heile tida nettsida du skal endre. Dra og flytt på alle element!

6. Nettbutikk

Her har WordPress meir valg og funksjonalitet. Utan tvil. Men Squarespace har satsa hardt på nettbutikk dei siste åra og Squarespace eCommerce er veldig enkel å sette opp og bruke.

7. Designmalar

Tilgang på designmalar (templates) er ikkje relevant for oss i Gasta. Vi utviklar alle våre sider i Squarepace Developer Mode, og våre webdesign blir utvikla spesielt for kvar kunde. 

8. Blogging

Her er WordPress best. Viss det sentrale for deg er å blogge, har WordPress meir funksjonalitet som f.eks versjonering, slik at du kan "rulle" tilbake til ein eldre versjon av blogginnlegget. Det har ikkje Squarespace.

9. Søkemotoroptimalisering

Med dei siste endringane til Google opplever vi at det er "offsite" søkemotoroptimalisering som er mest avgjerande. Men Squarespace har mykje søkemotor-funksjonalitet innebygd, noko som gjer det effektivt og raskt å jobbe med søkemotor i Squarespace. F.eks er det superraskt å legge på alt-text på foto. 

10. Oppdateringar

Alt som har med drifting og oppdateringar blir teke hand om av Squarespace. Gjer f.eks Google endringar i sine algoritmar, kan du vere trygg på at Squarespace raskt tilpassar seg. Med WordPress må både kjerneprogramvara (WP) og 54.674 plugins bli oppdaterte.

Konklusjon

Vi opplever at enkle og brukarvennlege løysingar som Squarespace passar veldig godt for dei fleste små- og mellomstore bedrifter eller organisasjonar.

Still deg gjerne tre spørsmål:
* kor mykje tid og kapasitet har din organisasjon til å oppdatere nettsida?
* kva funksjonalitet treng eg på nettsida? 
* kva budsjett har du?

Viss du ønskjer eit brukarvennleg system som er lystbetont å jobba med, til ein ok pris - kom i gang med Gasta og Squarespace i dag. 

 

AktueltGasta Design