Squarespace gir deg tilgang til 850.000 gratis foto

Ønskjer du flotte bilete på din Squarespace-nettside, men har ikkje nokon på lager?

Via Unsplash som er direkte kobla til Squarespace kan du legge inn flotte foto rett inn på nettsida.
Unsplash tilbyr meir enn 850 000 foto, heilt gratis. Bileta kan lastast direkte opp når du er inne og redigerar eit galleri, ei side eller ein nyheitsartikkel.

Kva er viktig å vite når ein skal bruke Unsplash?

For å finne foto som er relevant å bruke, søk på aktuelle nøkkelord . Hugs å søke på engelsk.

Du kan fint søke på fleire søkeord samtidig for å gjøre søket meir spesifisert. For eksempel “Nature in Norway.

Korleis finne Unsplash-foto i Squarespace?

  1. I den vanlige redigeringmenyen klikker ein på “Image”.

  2. Klikk deretter på feltet “Search for image"

  3. Då vil du få opp ein ny meny der du kan velje mellom “free”, “premium” og “recent”.
    Vel du “free” så er du inne i Unsplash sin database.

  4. Søk og finn eit foto som du ønskjer å legge inn på nettsida. Vel bilde og trykk “Add to site” .