Gasta design - nettsider basert på Squarespace

Unngå at nettsidene dine blir usikre i juli!

https folldal 2018-04-18_13-04-42.jpg

Sidan januar 2017 har Google jobba for at alle nettsider skal ta i bruk såkalla SSL-sertifikat og dermed auka sikkerheiten for dei som besøker nettsida di.

Du ser at nettsida har SSL-sertifikat når webadressa di startar med https:// og ikkje http://.

HTTPs sider squarespace.png

Frå juli i 2018 har Google annonsert at dei vil bli endå "strengare" med dette, og vil markere alle nettsider som ikkje har teke i bruk https:/ / med Not Secure (sjå foto)

Dei fleste som er kundar av Gasta har SSL-sertifikat, ettersom dette er inkludert i Squarespace. 

Vi har tidlegare sendt ut informasjon om dette, men vi har over 400 lisensar på Squarespace, så vi kan absolutt ha kundar som likevel berre har http://.

Er du sikker på at dine sider startar med https://? Ta ein liten sjekk! 

Vi kan fikse dette kjapt for deg.

Men vi treng din aksept til evt. DNS-endringar på domenet - så fyll ut skjemaet under og vi fiksar dette for deg (0,5 t. arbeid à kr. 1040,-).

Du kan også gjere dette sjølv ved å gå til Settings og Domains, men ver klar over at det kan dukke opp utfordringar med domenet/DNS.

-Les meir om Google sine retningsliner rundt dette: https://security.googleblog.com/2018/02/a-secure-web-is-here-to-stay.html


Bestill sikre sider/SSL-sertifikat

Aksept *
Gasta Design