Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Squarespace 7 i beta

Onpage editing i nye Squarespace7. Enkelt og brukarvennleg.

Onpage editing i nye Squarespace7. Enkelt og brukarvennleg.

Vi i Gasta opplever ein solid suksess med overgangen til publiseringsverktøyet Squarespace. Vi vil om kort tid runde 70 fornøgde kundar på denne plattforma.

Om ei nettside fungerer godt eller dårleg er ikkje avhengig av publiseringsverktøyet, men alle som arbeider med nettsider veit kor viktig det er med eit verktøy som gjer jobben enkel for deg.

Og det gjer Squarespace. Her er det ingen plugins eller moduler, ingen koding, ingen lokal drifting. Alt er enkelt, og ting fungerer. Som Apple.

Vi opplever at kundar er imponert over brukargrensesnittet på dagens versjon 6. Denne veka har Squarespace lansert versjon 7 i beta. Her beveger dei seg enda nærare målet om "onpage editing". Dvs her skal du sleppe å gå "bak" sida, gjere endringar, så klikke for å sjå resultatet. No arbeider du med innhald i ein del av skjermen - og ser resultatet i den andre.  

-Sjå video: Squarespace7 interface

Brukargrensesnittet er blitt endå meir imponerande og brukarvennleg, sjå berre kva bransjemagasinet Wired skreiv etter sin første test:

“The new squarespace Is a UX Dream that eliminates the backend entirely”

— Margaret Rhodes, Wired Magazine

Treng du gode bilder - ingen problem lenger

Squarespace7 innheld også mykje anna spennande funksjonalitet. Vi falt kanskje mest for den direkte koblinga til GettyImages. Treng du eit foto, set inn ei foto-blokk, manglar du gode foto på harddisken, klikk på GettyImages, søk i database med millionar av foto. Betal 10 dollar (blir automatisk belasta din Gasta-konto) og sett inn bildet. Elegant.

I beta 

Vi har testa ut Squarespace7 beta på to av våre kundar denne veka, og det har fungert perfekt. Vi reknar med at Squarespace rullar ut versjon 7 om nokre veker - og alle våre kundar skal bli informerte om framdrifta her.

 

Gasta Design