Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Squarespace 7 - for enklare webpublisering

I ein hektisk kvardag kjenner mange på at oppdatering av nettsida ofte blir for tidkrevjande. Heldigvis blir publiseringsverktøya stadig enklare og raskare å jobbe i. Og Squarespace 7 - som alle våre kundar fekk tilgang til i desember - er sannsynlegvis det mest moderne og brukarvennlege publiseringsverktøyet på marknaden. I den nye versjon kom det veldig mykje ny funksjonalitet, her er litt av det nye du får i Squarespace 7:


Tilgang til 50 millionar bilder

Å finne foto til artiklar er ofte utfordrande. Men med Squarespace 7 får du god hjelp. Med eit tastetrykk har du tilgang til GettyImages og dermed ca. 50 millionar bilder av super kvalitet.  Raskt og enkelt. Prisen pr. foto er rundt 10 dollar. Fin pris! Dette er Squarespace åleine om, og GettyImages har også ein del norske foto.

Foto lasta ned frå Getty Images - frå Nærøyfjorden!

Foto lasta ned frå Getty Images - frå Nærøyfjorden!

 

Cover Pages

Cover Pages er eit nytt begrep. Tenk deg at du skal lage ei landingsside for ein kampanje. Då har Squarespace 7 ferdige malar for slike sider. Vel CoverPage, bruk ein av dei ferdige malane, og sluttresultatet blir supert.

Lag gode landingssider eller kampanjesider med cover pages

Lag gode landingssider eller kampanjesider med cover pages

 

Lag gode landingssider eller kampanjesider med cover pages


Nye app`ar for Android

Våre kundar har i lengre tid kunne lasta ned Iphone app for å oppdatere aktuelt (blogg) og lese statistikken (metrics). Nå er dei same app`ane tilgjengeleg også på Android-plattform.

Oppdater nyheiter og les statistikk med apps - nå også for Android

Oppdater nyheiter og les statistikk med apps - nå også for Android

 

Squarespace Specialist

Gasta er kvalifisert som Specialist på Squarespace. Vi har erfaring frå meir enn 70 ulike Squarespace-prosjekt og kan hjelpe med både webstrategi, design, koding (html,css,javascript) - og ikkje minst innhald til nettsidene. 

Vil du vite meir om Squarespace, få tilbod eller ein rask demo, legg igjen litt info under - så tek vi kontakt:

Gasta Design