Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Frå tre til 10 kontor på fem år

Vi har samarbeidd med Snøhetta Regnskap og Paul Ulheim på Dovre sidan 2011. I denne perioden har selskapet vakse frå tre til 10 kontor og frå 20 til 60 tilsette.

- Slik er det i denne bransjen. Enten så kjøper du eller så blir du kjøpt. Og det passa meg dårleg å bli kjøpt opp. Så dei siste åra har vi kjøpt opp fleire bedrifter, både ved å kontakte dei direkte og ved å få førespurnader frå bedrifter som ønskjer å bli ein del av Snøhetta Regnskap, seier Ulheim.

Vi starta samarbeidet med å jobbe saman med Paul Ulheim & Co om strategi/merkevare og utvikla deretter logo og grafisk profil. I haust har vi utvikla nye nettsider for selskapet og jobba med opplegg for kundemøtene i haust.

Må møte den digitale utviklinga

Det har vore ei stor omstilling dei siste åra med ny teknologi. Snøhetta Gruppen sikrar seg økonomiske musklar ved å følgje den teknologiske utviklinga. Dei leverer programvarer som kundane etterspør.

- Vi vektlegger å ha kontor der folk bur, då får vi ein spreidd kundemasse og kompetansen på kvart kontor som vert oppretta. Til saman har vi stor fagleg bredde og tyngde. Det faglege nettverket er viktig både for våre kundar og for dei tilsette, seier Ulheim.

Gasta Design