Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Seks grunnar til å velje content marketing

Kvifor bør bedrifta di produsera innhald på nett?

Av Astri Knudsen

Content marketing har blitt eit «buzzord» i 2015. Kva er det? Korleis måle suksess? Kva er lov? Du skal ikkje lure nokon, du skal tilby kunden noko meir. Servere gjennomtenkt og treffsikkert innhald, skape engasjement og nysgjerrigheit. Bygge omdømme. Auke sal.

Content marketing er ein god måte å marknadsføre seg på, av fleire grunnar:

1. Det handler først og fremst om å gjere seg synleg. 

Skal ein gjere seg synleg, må ein vere smart. Over 50 prosent vil bruke mindre enn 15 sekundar på din nettside. Og det er om dei først har funnet sida di. Med gjennomtenkt og treffsikkert innhald, kan du stikke deg frem i mengden. Du kan vise deg i sosiale medier, i debattforum, via annonsar, med nyheitbrev og i søkemotorer.

2. Det gir deg auka aktivitet på sida.

Ser ein gamle publiseringsdatoar, forsvinn fort interessa. Skal du kreve auka merksed frå lesaren, må lesaren kunne kreve at du har noko nytt (og nyttig!). Google krev òg aktivitet. Dei rater sider med auka aktivitet og klikk høgare. Med gjennomtenkt og treffsikkert innhald, kan du generere klikk frå fleire ulike plattformer. 

3. Du bygger truverd hos kunden.

Du kan fange kunden med din kunnskap. Du kan meir om produkta dine enn kunden, noko du bør nytte deg av. Gje råd om korleis ein bør oppbevare matvara du sel på best mogleg måte, eller kva tur ein kan gå i området rundt hotellet ditt. Dei mest verdifulle lesarane er dei som kjem tilbake. Dei veit at dei liker informasjonen dei finn hos deg, og du veit at dei er interesserte i det du kan tilby. 

4. Du kan treffe fleire brukare.

Det er alltid ei utfordring å finne nye kundar. Produserer du meir innhald, kan du ta for deg ei målgruppe om gongen. Sikt på ei aldersgruppe, ein geografisk plass eller dei som vil ha det eine produktet ditt. Fordelen med nett er at innhaldet kan distribuerast i fleire kanalar; via nettsider, digitale bilag, sosiale medier, nyheitsbrev. At mobilbruken auker er bra. Bare tenk på kor mange som sler ihjel tid på ein buss eller eit tog kvar dag. Tenk om du kunne overraske dei med inspirerande innhald!

5. Content marketing lever lenger.

På nett kan ein alltid oppdatere, utvikle eller republisere innhald. Ein artikkel som engasjerer mange kan dukke opp i Facebook-feeden fleire dagar etter den vart publisert. IfølgeDemand Metric koster content marketing 62 prosent mindre enn tradisjonell marknadsføring. Og genererer tre ganger så mange leads (potensielle kunder). 

6. Du vil få auka sal.

Konverteringsraten for bedrifter som bruker content marketing er 6 til 7 gonger høgare enn dei som ikkje gjer det. Men som Rand Fishkin, ein av grunnleggerane bak SEO-programmet Moz, seier:

«Sjå det som eit maraton, ikkje ein sprint. Det genererer ikkje ROI raskt, men samanliknar du med dei fleste former for investeringar i betalt marknadsføring, er ROI større for content marketing sett over ein lengre periode.»

Så då regner eg med at du er overbevist.

Men, det handlar ikkje berre om å flytte budsjettkroner til digitale kanaler. Der òg kan dei brukast feil. Ein må laga gjennomtenkt og treffsikkert innhald, og gje kunden noko han eller ho ikkje kan få andre stadar. 

Ta gjerne kontakt, så hjelper vi deg.

Gasta Design