Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Satsar du på 6,6 % i 2016?

 

Jobbar du med budsjettet for 2016? I desse tider får vi ofte spørsmål om kor stort marknadsbudsjettet bør vere. Litt vanskeleg å svare på, men her er ein del gode poeng å ta med deg i arbeidet:

Kor stort bør marknadsbudsjettet vere?

I USA blir det årleg gjennomført ei stor undersøking kalla CMO Survey. Denne går ut til 2885 amerikanske marknadssjefar, og er m.a. støtta av McKinsey & Company.

Ved siste undersøking utgjorde marknadsbudsjettet 6,6 % av totalomsetninga. For B2C-selskap som sel produkter var talet 10,4 % av omsetninga, medan B2B-selskap som sel tenester har marknadsbudsjett som ligg på 5,3 % av total omsetning.

Men ver klar over at når denne undersøkinga snakkar om marknadsbudsjett, er det ikkje berre annonsering, kampanjar, kostnader til reklamebyrå, men også lønn til sals og marknadsavdeling. 

Vi skal og vere klar over at talet 6,6 % var frå august 2015. Svar i slike undersøkingar heng nøye saman med makroøkonomiske tal, og går ein tilbake til august 2014 brukte selskapa 9,3 % av totalomsetninga til marknads- og salsbudsjett.

Korleis investere marknadsbudsjettet?

Så er spørsmålet korleis du bruker budsjettet best muleg. Det er umuleg å gi eit godt svar på, men frå same CMO Survey finst det nokre interessante tal:

I 2015 blir gjennomsnittleg 30 % av totalt marknadsbudsjett brukt digitalt. Dette talet trur vi er høgare i Norge. Investeringar i sosiale medier vil auke, men vil berre stå for rundt 15 % av totalt online budsjett.

I ei anna undersøking gjennomført av IBM og CMO Club ser vi kva tiltak i marknadsbudsjettet som stod for den største andelen. Content marketing, arbeid med å skape innhald, er nå blitt den største delen av marknadsbudsjetta i amerkanske bedrifter. Dei fem viktigaste tiltaka var:

Kva er våre råd?

Set av midlar til å skape innhald på nettside, blogg, sosiale medium - og sørg for å bli funnen på viktige søkeord. Hvis nettsida di i tillegg konverterar besøkande til kundar, er du langt på veg.

Og hugs: 2016 blir bra. Stay positive, folks..

Gasta Design