Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Responsive nettsider for Airlift as

 

Vi i Gasta har nettopp utvikla nye responsive nettsider for Airlift as basert på det hypermoderne publiseringsverktøyet Squarespace.

Med sine ca. 250 mill. kroner i omsetning er Airlift as eit av dei leiande skandinaviske helikopterselskapa på innanlandsmarknaden. Dei inngår i Blueway-konsernet, som også innbefattar ein av våre andre kundar, Vertech Offshore as i Lillesand.

Blueway-konsernet har nettopp fått nye eigarar. Det belgiske helikopterselskapet NHV har overteke aksjane, og det gir spennande framtidsutsikter for Airlift as.

-Sjå Airlift sine nye nettsider på www.airlift.no

Nye sider til designavdeling

Airlift har også ei eiga avdeling som tilbyr design-tenester for andre helikopterselskap. Denne delen har heile verda som marknad, og sidene er utvikla på engelsk med .com-domene.

-Sjå Airlift DOA sine nye nettsider

Vi takker Airlift as for oppdraget og ser fram til eit godt samarbeid også i åra som kjem.

Gasta Design