Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Korleis kan du kan optimalisere marknadsføringa?

Små grep kan gi store utslag på resultata.

Av: Astri Knudsen, Drople


Optimalisere er å gjere så godt som mogleg, eller bringe noko til eit optimum. Sjølvsagt ønskjer ein at kampanjen eller blogginnlegga skal fungere så godt som mogleg, men korleis får ein det til?

Eksempel på optimalisert marknadsføring

Lærdal Grønt vil auke salet av sine frosne bringebær Lærdals Beste. Eit kvalitetsprodukt som vert selt i fleire Meny-butikkar. Ved bruk av ein artikkel blir dei marknadsført på Facebook og Instagram med betalte annonsar.  Men korleis veit vi om annonsa funkar optimalt?

Vi har laga tre variantar. Ein artikkel - og tre ulike annonsar. Artikkelen inneheld alle vinklingane og alle bilda, så ein treng ikkje gjere store endringar til kvar annonse. Med tre ulike annonsar køyrt kvar si veke, kan vi samanlikne dei i ettertid - og sitte igjen med ein vinnar. Vinnaren kan deretter bli annonsert vidare, gjerne med fleire variantar der til dømes rekkefølgja på ord og bildeutsnitt blir testa.

Dette er optimalisert marknadsføring.

La tala svare for seg

Ofte trur vi at vi veit svaret. Etter å ha jobba med å optimalisere titlar og inngangar i fleire år på sol.no, trur eg ofte at eg veit kva ord og bilde som vil trigge nysgjerrigheit og engasjement. Men eg veit ikkje. Ikkje før tala gjer meg svara.

Difor lagar vi dei best tenkelege utkasta i samråd med kunden. Vel ut nokre alternativ. Testar dei, analyserer, optimaliserer og testar på nytt.

Vi vil vite at det funkar. Konklusjonar må vere basert på fakta. Suksesshistoriane kjem ikkje tilfeldig.

Vil du teste optimalisert marknadsføring? Med ein Gasta-familie som kan både merkevarebygging, content marketing og annonsering er vi rigga for å hjelpe deg med å optimalisere marknadsføringa.

Gasta Design