Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Odda Energi med nye nettsider

Ny app, integrasjon mot ”min side” og betre informasjon om produkta.

I dag må alle kraftselskap ha separate nettsider for strøm og nett, i samsvar med nøytralitetskrava frå NVE. Odda Energi trengte hjelp til å få dette skikkelig på plass, i tillegg til eit stort behov for å få meir mobilvennlege nettsider.

Dei nye nettsidene har ei felles landingsside, der du vel om vil gå vidare til kraft, nett eller tenester, med nyheiter som:

  • Meir fokus på sal av kraftprodukt
  • Betre produktinformasjon og enklare bestillingsfunksjon
  • App der driftsteknikarane kan publisere driftsmeldingar rett frå mobilen. 
  • Integrasjon mot Min side/e-verket sitt kundesystem (kis).

Fornøgd kunde

Dei nye sidene blei lansert i slutten av juni, og har vore i full drift gjennom heile sommaren:

Vi synes dei ser veldig bra ut. Dei siste måleravlesingane har gått bra. Det er viktig for oss, at kundane enkelt kan finne ut av korleis dei gjer det på nettsida. Vi ser frem til å teste sida for fullt nå som folk kommer tilbake frå jobb.
— Vigdis Kvandal, marknadsansvarleg i Odda Energi

Vil du lese meir om våre nettsider for ulike everk? Sjå her.

Gasta Design