Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Nye nettsider til Norsk Countrytreff

Festivalen som har vakse seg til eit av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane.

Vi har jobba med Norsk Countrytreff sidan 2013, ein moro kunde å arbeide med. Det starta med redesign av logo og profil. Siden har vi jobba med nesten alt materiell til festivalen kvart år; plakatar, bannere, annonsar, klistremerker, program og t-skjorter.

Allereie då vi redesigna logo, la vi grunnlaget for å ha dei visuelle rammene rundt festivalen satt, som vi kunne variere noko frå år til år. Til dømes ser du mannen med gitaren sitje med gitaren i 2016, medan han står opp i 2015. Slik får dei moglegheit til å fornye seg litt kvart år. Kva det blir i 2017, har vi ikkje landa ennå.

Ny nettside i Squarespace

Nå skal vi i gong med ny nettside, noko vi gler oss til. Norsk Countrytreff ønskjer å tilby kundane eit enklare design med god integrasjon av billettkjøp (Ticketco). I tillegg skal sponsorane bli presentert på ein god måte og nyheitsfunksjonen skal bli litt mindre dominerande. Dette er ein jobb vi gler oss veldig til. 

Vent å sjå om du likar resultatet, her kan du sjå korleis nettsida er i dag.

Plakat 2014

Plakat 2014

Plakat 2015

Plakat 2015

Plakat 2016  

Plakat 2016

 

Gasta Design