Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Fjellstyra i Norge med nettsider frå Gasta

Gasta vann i sommar konkurransen om å utvikle nettsider for Norges Fjellstyresamband og fjellstyra i Norge.

Norges Fjellstyresamband er interesseorganisasjon for dei 94 fjellstyra vi har i Norge. Fjellstyra administrerar bruksretten til våre statsalmenningar, der viktige bruksrettar i dag er beiting, seterdrift, jakt, fangst og fiske.

I samarbeid med næringa har vi i september utvikla ferdig ein nettsidemal som vi trur vil passe fjellstyra som skal ha nye, responsive nettsider.

Vi er også i gang med å utvikle nettsider med intranett for Norges Fjellstyresamband. Og alt blir sjølvsagt basert på Squarespace, det brukarvennlege verktøyet.

Vil du vite meir om kva fjellstyra gjer? Sjekk ut videoen under:

 
Gasta Design