Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Norges eldste hotell har fornya seg

Walaker hotel er ein trufast kunde i Gasta.  Ole Henrik Walaker & Co driv Norges eldste hotell og i 2015 er hotellet 375 år gamalt.

Men sjølv om historia ligg i veggane på dette praktfulle hotellet i Solvorn, er dei opptekne av responsiv design. Her var Google analytics-tala klare; det var på tide med å oppgradere til responsiv design.

Samtidig med dette har vi lagt om til Squarespace som publiseringsverktøy som gjer det veldig enkelt for kunden å jobbe med sidene.

-Sjå dei nye nettsidene til Walaker hotel her

I samband med det store jubileet til neste år, har dei klemt til og produsert to videoar som presenterar hotellet. Dei er utvikla av vår gode samarbeidspartnar Volle Films.

Sjå filmane, set av ei helg i kalendaren og ta med deg partnaren til Walaker hotel! Garantert suksess!

Walaker hotel - om hotellet

Walaker hotel - attraksjonar

Gasta Design