Nettsider til Svanøy Havbruk

Svanøy Havbruk produserar regnbogeaure på tre lokalitetar i Flora kommune. Dei sel det dei produserer gjennom Skaar Norway, og hadde ikkje behov for nettside for å oppnå meir omsetning.

svanoy-havbruk-nettside.jpg

Men selskapet har ein FOU-konsesjon der dei skal bidra til auka verdiskaping i oppdrett av regnbogeaure gjennom kombinert produksjon av konsumrogn (kaviar) og matfisk. Og nettopp informasjon rundt FOU-satsinga vil bli ein sentral del av nettsidene framover.

Enkle nettsider, basert på Squarespace og med store, flotte foto - har gitt ei fin nettside det var kjekt å overlevere til kunden.

I tillegg har designer Hilde Nes Lægreid justert litt på logo og m.a. gitt den ein meir tidsriktig font.

AktueltGasta Design