Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Lustrabaatane - nettsider i rekordfart

Lustrabaatane AS driv ferje og fjordcruise på Nærøyfjorden, Hardangerfjorden og Lustrafjorden. Selskapet opplever fin vekst og hadde eit ønskje om å lansere sine ruteplanar for 2018-sesongen med nye nettsider.

Frå WordPress til Squarespace

Kunden hadde sjølv utvikla sine nettsider basert på WordPress med ein "template" som ikkje var spesielt enkel å jobbe med. Med Squarespace frå Gasta får kunden ei brukarvennleg nettside, med eit design som ikkje er malbasert, men heilt tilpassa dei krava Lustrabaatane la vekt på.

Nettsidene vart utvikla av designer og programmerar Simon Falkauskas i løpet hektiske dagar i september, klare til lansering 22.september.

Og etter lansering uttalte kunden:

Eg er kjempenøgd med servicen de gav meg og eg følte meg prioritert. Då tidsfristar vart korta inn klarte Gasta likevel å levera! Eg er svært nøgd med resultatet. Gasta fanga opp vår idé med nettsida og fann løysningar på dei utfordringane me hadde. Resultatet er ei profesjonell, enkel og brukarvennleg nettside som vidarefører Lustrabaatane AS sin profil og som speglar vår bedrift på ein flott måte.

Squarespace er eit program som gjer det svært enkelt for meg som dagleg leiar og systemansvarleg å halda nettsidene våre levande og oppdaterte, noko som for vår verksemd er svært viktig.

Takk Gasta!
— Grete Bugge, dagleg leiar Lustrabaatane AS
Gasta Design