Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Her er logoen din, Svein

Av: Vidar Bondevik, dagleg leiar


Vi har utvikla logo for Svein Bakkes Minnefond. Eit lite, men spesielt prosjekt.

I sesongen 1979/1980 hadde eg gleda av å trene med Svein Bakke. Det vart med den eine sesongen i A-stallen til Sogndal for meg. Som marknadssjef i Lerum fekk eg seinare gleda av å samarbeide tett med Svein i mange år og vi hadde jevnleg kontakt fram til hans død i desember 2015.

514 kampar for Sogndal - 321 mål

Smak litt på det. 321 mål på 514 kampar.

Ingen fotballspelar har imponert meg slik Svein gjorde; enorm fysikk, balanse, ballkontroll, overblikk. Svein Bakke var eigentleg for god for Sogndal, han kunne lett gått til større klubbar og spelt med flagget på brystet. For meg som ung, usikker spelar var det ikkje alltid lett å spele med Svein. Pasningen som gjekk nokre centimeter til side for Svein vart ofte møtt med eit stønn og vifting med armane. Svein vifta alltid med armane.

Logoen til Svein Bakkes Minnefond gav difor seg sjølv. Svein med full kontroll på ballen, armane i fast positur, Lerum-logo på brystet og Patrick-sko. Det var Svein Bakke, det.
 

Svein Bakkes minnefond

No skal mange av hans tankar førast vidare i Svein Bakkes Minnefond, eit fond som skal arbeide for utvikling av talent og leiarar innan fotball i Sogn og Fjordane-regionen. Les gjerne meir om minnefondet på Sogndal Fotball sine nettsider og gi ditt bidrag.

Den grafiske profilen er utvikla av designer Ingar Midtbø.

321 mål. 321 gonger jubla du for klubben din. For bygda di.  

Her er logoen din, Svein.

Gasta Design