Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Kundecase: Sunnfjord Industri - fagfolk på stål

Fagfolk på stål. Det er Sunnfjord Industri, det. Sidan 1995 har dei arbeidd med stålkonstruksjonar, sveiseoppdrag og andre oppdrag for kundar innan industri, bygg og anlegg. Eit selskap som - trass i ein alvorleg brann for nokre år sidan - har gjort det bra, men følte sjølv dei mangla ein klar strategi og profil.

Forretningsmodell og strategi

I samarbeid med Johan Magerøy i Mentor jobba vi først med forretningsmodell og strategi for selskapet. Sunnfjord Industri har laga stålkonstruksjonane på mange av dei mest kjende bygga i Sogn og Fjordane, som f.eks skywalken i Førde og Opera Nordfjord. Trass i dette hadde selskapet ein litt gamalmodig profil. Vi brukte Business Model Canvas som gir ein god gjennomtenkning av forretningsmodellen til eit selskap. Merkeløftet "Fagfolk på stål" er essensen av dei verdiane selskapet skal stå for framover.

Vi utvikla deretter ein grafisk profil med ein moderne og distinkt logo med 3D- og stålfølelse. Denne har kunden fått gode tilbakemeldingar på. 

Webside basert på Squarespace

Målsettinga med nettsida er å få målgruppa inn på prosjektdelen. Nettsida er basert på det nye publiseringsverktøyet vi no har teke i bruk, Squarespace. Responsiv design er sjølvsagt, det gir god presentasjon på mobil og nettbrett.

Vi takkar Bertel Fitje & Co for oppdraget og ser fram til eit godt samarbeid vidare.

Gasta Design