Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Kundecase: Sogndal skisenter - total makeover

Sogndal skisenter Hodlekve har spennande planar på gang. Investorane bak Myrkdalen-suksessen har gått inn på eigarsida, og det skal investerast i nytt hyttefelt, nye heisar og ny infrastruktur.

Også på det visuelle har skisenteret valt å ta gode grep, saman med oss i Gasta. I eit effektivt prosjekt har designer Ingar Midtbø utvikla ny logo:

 

Her ser du logoen brukt i den nye grafiske profilen:

 

Nye nettsider

Nye nettsider er også på plass. Moderne design, responsiv kode, effektivt innhald er stikkord for nettsida. Teknisk er nettsida bygd på vårt nye publiseringsverktøy Squarespace. Her har vi også supplert med ein del eigenutvikla kode for å få til løysinga slik Sogndal skisenter ville. 

Sjå dei nye nettsidene til Sogndal skisenter

Vi takkar dagleg leiar Ola Alsterholm for godt samarbeid i prosessen.

Gasta Design