Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Heia Lærdal!

Vi i Gasta vart like sjokkert som resten av landet over brannkatastrofen i Lærdal. Vi har i mange år hatt kundar frå Lærdal, og vi kjenner samfunnet og folka der inne relativt godt.

Vi føler veldig sterkt at Lærdal-samfunnet vil komme styrka ut av hendinga natt til søndag. Dei har vist før at dei kan stå samla, dei er flinke på å samarbeide (f.eks i Lærdal Grønt, ein kjempesuksess) og dei har ståpåvilje.

I Gasta har vi hatt glede av å samarbeide med Lærdal Energi i mange år. Selskapet har store vekstambisjonar og er i ferd med å etablere seg som ein av store everka på prisgunstige kraftløysingar.

I desember avslutta vi arbeidet med ny grafisk profil og nettsider til Lærdal Næringsutvikling. Med Arve Tokvam og Odd Helge Brugrand i spissen skal dette selskapet arbeide for å styrke næringslivet i Lærdal. Eit arbeid som på kort sikrt kan sjå litt vanskelegare ut, men som vi trur dei vil lukkast godt med.

Vi utvikla ny logo og grafisk profil for Lærdal Næringsutvikling:

 

I tillegg har vi utvikla nye, responsive nettsider basert på Squarespace som publiseringsverktøy. Vi ser fram til samarbeidet vidare, takkar for oppdraget  - og seier berre HEIA LÆRDAL!

Sjå nettside: www.laerdalnu.no

Gasta Design