Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Grafisk profil og nettside for nytt næringsselskap

HAFS Utvikling er eit nystarta næringsutviklingsselskap for kommunane i det såkalla HAFS-området, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Vi har utvikla logo og grafisk profil for selskapet. Ein enkel logo som vidarefører symbolet HAFS-regionen tidlegare har brukt på ein god måte.

 

I tillegg har vi utvikla nye nettsider. Selskapet vart starta opp 1.september, så både nettsider og organisasjon er under utvikling, som det heiter:-). Nettsidene er basert på Squarespace og her bruker vi bl.a. den gode arrangementsmodulen i Squarespace.

Eit effektivt prosjekt - gjort saman med ein effektiv organisasjon. Slikt likar vi!

----

Nettside: www.hafsutvikling.no
Logoutvikling: Juho Henell
Grafisk profil, webdesign og utvikling: Ingar Midtbø og Simon Falkauskas
Foto nettside: David Zadig

Gasta Design