Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Gasta flytter til Dublin

Foto: captblack76/ Getty Images

Foto: captblack76/ Getty Images

 

I neste veke (v. 45) "flytter" vi til Dublin!

Vel, vel det er ikkje slik at vi flytter frå vårt kjære Fosshaugane Campus for godt. Men mandag 3. november dreg heile kontoret til Dublin. Vi tek med oss PC`ar og Mac`ar, installerar oss i ei leilegheit i sentrum og blir der til fredag 7. november.

Her skal vi delta på Websummit 2014, arbeide litt og vere litt turist i Dublin. Websummit er blant dei største og viktigaste webkonferansane i Europa, med spesielt fokus på nye produkt og trendar. Her er også våre største samarbeidspartnarar som Squarespace, Mailchimp og Stripe aktivt til stades.

Endringsvilje

I vår bransje er det slik at endringsvilje er ein av dei viktigaste konkurransefaktorane. Løysingar som fungerte for nokre år sidan kan vere utdaterte i dag. Websummit, med sitt fokus på nye produkt og entreprenørskap, er difor ein viktig arena for oss når vi om litt startar planlegginga av 2015.

Vardahei IT

Med i reisefølgjet er også våre kontor-kollegaer i konsulentselskapet Vardahei IT. Dei var på Websummit 2013, og blir sjølvsagt våre guidar i Temple Bar-området på kveldstid. Sognefjorden Næringshage og InnovasjonNorge sender også toppa lag til konferansen.

Vi gler oss.

PS! Support får du som vanleg på 57 62 77 70 ellersupport@gasta.no. Vi er nok konstant pålogga...

Gasta Design