Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Frode Berge tilbake i Gasta

1.august dukka ein gamal kjenning opp i Gasta sine lokale på Fosshaugane Campus!

Frode jobba i Gasta frå 2002 til 2012, og har dei siste åra jobba som front-end utviklar i KLP i Oslo med ansvar for nettsida til KLP. Han har flytta tilbake til Sogndal med kone og to barn og startar i Gasta som senior front-end utviklar.

Med Frode på laget får vi ein av dei mest erfarne webdesignerane i landet på laget. Vi er stolte og glade for å få Frode tilbake i Gasta!!

Frode erstattar Magnus Henden som skal vidareutdanne seg.

-Frode Berge kontaktinformasjon

Gasta Design