Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Får bedrifta noko igjen for marknadsføringa?

Lurer du på om tid og pengar brukt til å marknadsføre bedrifta eigentleg lønnar seg?

Vi har spurt oss det same. Vi bloggar, likar, deler og sender ut nyheitsbrev. Gir det nokon effekt? Kva betyr det å ha mange likes på Facebook? Får ein fleire kundar av det?

Her på Gasta-kontoret har vi funne vår nye bibel. «Does it work?» av Shane Atchison og Jason Burby tek for seg ein enkel modell med fokus på forretningsmål, KPI’ar (Key Performance Indicator), måling og justering. Det er ingen revolusjonerande modell, det er gamal vitskap satt opp som ei enkel hugseliste. Det er eit godt verktøy å jobbe etter.

Vi har valt å kalle modellen «Funkar det?», noko vi har begynt å spørje oss om dagleg. Både for eigen marknadsføring og for kundane våre. Kva er poenget med å selje nye nettsider, delbart innhald og optimaliserte annonser om det ikkje funkar? Ei annonse kan ha god rekkevidde, men kva om ingen av mottakarane er relevante? Ein tekst kan vere underhaldande å lese, men kva får du igjen for å publisere han? Nettsida kan vere stilig, men kva om kunden ikkje finn det han eller ho er på jakt etter?

For å finne ut om det funkar, er det nokre ting du bør fokusere på:


Gode KPI’ar og forretningsmål

Det er viktig å forstå visjon og forretningsmål. Vi klarar ikkje gjere ein fullgod jobb utan at vi veit kva fokus kunden vår har. Skal vi måle suksess må vi vere sikre på at vi har same oppfatning av kva suksess er.

Hugs at det er forskjell på forretningsmål og KPI’ar. Et du ein sjokolade til lunsj, kan du fint halde deg innafor KPI’en om dagleg kaloriinntak, men du vil ikkje nå forretningsmålet om å gå ned i vekt i løpet av 2016 om du berre et sjokolade.

 

Bruk statistikk som inspirasjon

Aldri tenk at noko skal vere 100 prosent ferdig. Då kjem du aldri i mål. Så lenge du produserer ting til nett har du uendeleg med moglegheiter til å forandre til det betre. Er du usikker på kva tittel du bør ha, prøv deg frem. Start med ein tittel og bytt til noko anna etter ei stund. Det same med menypunkter eller sidetitlar. Prøv, mål og juster. Prøv, mål og juster.

Jo meir du justerer, desto meir talfokusert blir du – og då blir det moro! Har du eit talgrunnlag å gå etter neste gong du vil trenge ein ny tittel, blir du meir sikker på kva som vil fungere. Tall er med andre ord din venn. Eit godt tips er å nytte tall i Squarespace og Google Analytics, noko alle våre kundar har tilgjengeleg.

 

«One size fits no one»

Tenker du at ei suksessoppskrift funkar til alt, har du feila. Vi kan aldri jobbe med ein modell ut mot alle våre kundar. Ønskjer, mål, budsjett og plattform er berre noko av det som varierar. Dette gjeld òg deg og dine kundar. Du vil ikkje få ei annonse til å treffe alle. Sender du ut nyheitsbrev skal du vere glad om over 50 prosent les det.

Du må tilpasse innhaldet mot dei ulike kundegruppene dine. Fokuser på nye kundar i ein kampanje, fokuser på eksisterande kundar i neste kampanje. Kommuniser til alle under 30 i ein artikkel, og til dei med kneskadar i neste (om du driv med helse). Jo meir spissa du klarer å vere, jo betre vil du treffe.


Kva er det verdt?

Vi er tilbake til kjernen i marknadsføring, i alt vi gjer på jobb. Kva er det verdt? Funkar det? Er du med på tankegangen over, er fokusert på målet med det du gjer og trenar på å sette opp KPI’ar, blir du god til å finne svaret på dette.

Kan du måle antal bestillingar på nettsida? Sett opp eit mål om å nå til dømes 15 bestillingar neste månad. Er det helt på jordet, justerer du månaden etter. Vil du at folk skal lese meir om tenesta dine? Sett eit mål om 1000 sidevisningar på produktsida neste månad. Eller at 100 personar leste artikkelen du fremma på Facebook OG klikka seg vidare til nettsida di. Eller at 30 personar kom inn på nettsida di via Google. Kanskje de kan måle kor mange nye kundar de får i gjennomsnitt for kvar 100 som likar eit innlegg på Facebook?

For oss er det eit mål å få 10 personar til å ta kontakt med oss via skjema på nettsida kvar månad. Dette kan gi oss nye kundar. Funkar det ikkje, må vi prøve å lage eit betre skjema. Eller gjere noko anna.

Ikkje ver redd for å sikte høgt. Berre øving gjør meistar!

Gasta Design