Webdesign i Squarespace for Synslaser

Squarespace er sannsynlegvis det mest brukarvennlege publiseringsverktøyet i dagens webverden, og mange går i gang med å utvikle nettsider i Squarespace på eiga hand.

syneslaser.jpg

Sjølv om malane i Squarespace er gode, er dei likevel ingen garanti for at ein oppnår god webdesign.

Synslaser as i Tromsø hadde sjølv sett opp nye nettsider i Squarespace.

Innhaldet var bra, men kunden var ikkje spesielt happy med designet.

Og ringte Gasta!
Vi tok på oss oppdraget.

Etter ein briefsamtale rundt målsetting, målgruppe og brukarbehov gjorde designer og front-end utviklar Frode Berge Ylvisåker mykje forenkling, fjerning av unødvendige element.

Vi enda opp med eit design som er både stilreint, enkelt og set fokus på målsettinga med nettsida.

Gasta Design