Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Har du prøvd Facebook Canvas?

av Daniel Osnes

 

Med ei Canvas-annonse får du fortalt meir.

Facebook Canvas er eit annonseverktøy som på ein fantastisk måte fortel di historie eller viser fram ditt produkt. Ein kan fylle ei annonse med ein kombinasjon av målretta tekst, panoramabilder i fullskjerm, som du kan bevege fram og tilbake 180 grader, bildekarusellar, knappar med lenker og engasjerende videoar med automatisk avspeling uten å forlate Facebook. Du får ei annonse som kommuniserer heilheitelig og godt.

Annonsene vert publisert rett i Facebook på mobil og nettbrett. Dette gjer at annonsa med element laster seg opp til 10 ganger raskare enn annonser som linkast over til nettsider. Annonser som kan sjåast rett i Facebook, uten å forlate appen, gjer det meir appelerande for folk å klikke.


Facebook Canvas: Biltreff AS

Videoen viser korleis ei Facebook Canvas-annonse kan sjå ut.

Vi har nylig laga ei Facebook Canvas-kampanje for Biltreff, der vi annonserte for hybridbilen BMW 2-serie iPerformance Active Tourer.

Alle annonsane blei målretta etter interesser, geografi og alder.

Annonsane har gitt bedre resultat i engasjement i forhold til vanlege Facebook-annonsar. Med låge kostnader pr. klikk blir annonsebudsjett overkommeleg.


Ein ser tydeleg forskjell på Facebook-engasjement før, i og etter annonseringsperioda til Biltreff.

Har du ei målgruppe som er mykje på mobil og nettbrett - kvifor ikkje prøve ein annonsekampanje på Facebook Canvas? 

Ta kontakt med Daniel Osnes på 982 44 632 eller daniel@gasta.no

Gasta Design