Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Få fart på Facebook-innlegga

Bruk av riktig teikn og tidspunkt kan avgjere korleis Facebook-innlegga dine viser.

I følgje Facebook er det meir enn 1500 oppdateringar som har potensiale til å bli vist i nyheitsfeeden til ein gjennomsnittlig bruker, i løpet av eit døgn. Men av dei oppdateringane er det berre rundt 300 som blir valt ut av Facebook si algoritme. Korleis skal du klare å skape ein av dei 300 oppdateringane som vert vist i målgruppas nyheitsfeed?

HubSpot har satt opp 10 gode råd du kan følgje:

1. Bilde og foto skaper engasjement

Det viser seg at bilde er blant dei mest engasjerande postane. Det vil ikkje sei at du ikkje treng artiklar, men viser at det er fint å variere. Last opp eit bilde og få med ein god bildetekst. Kan det taggast, bør du gjere det.

2. Bruk grafikk i riktig oppløysning

For å være sikker på at du laster opp i riktig kvalitet, kan disse måla være lure å følgje:

  • Bilde i nyheitsfeed: 1200 x 1200 px
  • Delt link preview 1200 x 628 px
  • Video preview: 504 x 283px

3. Fjern lenker frå teksten

Når du har posta linken og default bilde og tekst kjem opp, kan du fjerne linken. Folk vil trykke på bildet, dei treng ikkje sjå linken.

4. Auk mengda ord

Det er lett å publisere ei lenke eller eit bilde utan å skrive eit einaste ord. Det er ikkje lett å finne på noko. Men det viser seg at om ein skriv meir enn 80 ord, får ein dobbel så mykje engasjement. Ikkje skriv ein novelle, men tenk gjennom gode formuleringar på kvar post.

5. Test teikn

Bruker de hastag (#) vil det kunne auke interaksjonar opp mot heile 60 prosent. Bruk av utropsteikn kan gi 2,7 prosent fleire interaksjonar, medan spørsmålsteikn kan gje 23 prosent fleire interaksjonar.

6. Unngå å poste bilde i album

Det er mindre engasjement på bilde som lastas rett opp i album. Last derfor opp et enkelt bilde først – så kan du heller forme det som et album seinare (vent minst 5 timar).

7. Unngå titlar som er over 100 teikn

Lange titlar blir spist og vil ikkje vise med alle ord. Pass på at titlane ikkje er lengre enn at du ser heile. Linkar du til en post som allereie har ein lang tittel, kan du klikke på tittelen i posten og editere.

8. Post etter arbeid

Mellom klokken 17.00 og klokken 01.00 er det 11 prosent fleire interaksjonar enn poster som vert publisert mellom 08.00 og 17.00

9. Post i helgen

En undersøking viser at oppdateringar posta på ein søndag får 25 prosent fleire likes, delingar og kommentarar, enn oppdateringar posta på en onsdag.

10. Eksperimenter med emoticons

Bruk av emoticons (de små teikn, der viser forskjellige kjensler) i oppdateringar kan gi deg opp til 33 prosent fleire delingar, 33 prosent fleire kommentarar og 57 prosent fleire likes.

Les heile innlegget på HubSpots blog, kor du òg finn ”best practice” for Linkedin og Twitter.

Gasta Design