Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Eit år i Sogndal set spor.

Ein designtrend på nettsider som er blitt veldig populær i det siste er video-bakgrunnar. Populære nettsider som f.eks Airbnb har brukt dette med stor suksess, og vi ser at dette fungerer godt, f.eks for å skape ein stemning. 

Då vi skulle lage nye nettsider for Sogndal folkehøgskule måtte vi berre plukke fram ein av dei mange herlege ski-videoane skulane har laga og skape litt magisk vinter-stemning.

Slike videoar skal brukast med varsemd. Den gjennomsnittlege opplastingstida for nettsider har faktisk auka med 21% (Kjelde:Webperformance), og vi er veldig forsiktige med denne type løysingar, men her følte vi at vi berre måtte!

Vi har tidlegare utvikla både kommunikasjon og ny grafisk profil for Sogndal folkehøgskule.

Eit år i Sogndal set spor.

Menneska. Naturen. Opplevingane.

-Sjå dei nye nettsidene til Sogndal folkehøgskule

Gasta Design