Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

Avery Dennison NTP skal fornyast

Vi har fått æra av å lage heilt nye nettsider til Avery Dennison NTP, og i oppgåve å gjere dei meir synleg på nett.

Det er ei kjent utfordring for mange bedrifter at nettsida ikkje vert synleg. Ikkje kjem sida opp når ein søker etter det ein driv med, og ikkje får sida særleg med besøk.

Vi jobbar med å forme gode titlar og bruke riktige ord, vi gjer sida meir oversiktleg og brukarvennleg, og ikkje minst gjer vi ho meir egna for mobilbruk.

I tillegg til å søkeoptimalisere dei nye nettsidene til Avery Dennison NTP, skaper vi meir levende innhald. Vi skal produsere artiklar med jamne mellomrom for å skape aktivitet på heimesidene. Dette gir suksessbedrifta frå Gaupne moglegheita til å gje kundane meir innblikk og auka kunnskap. Dei bygger opp merkevara - og blir meir synleg på nett.

Følg med, dei nye nettsidene kjem i løpet av oktober!
 

Satsing på content marketing og digital annonsering

Hos Gasta er vi no i gang med eit nytt samarbeid: Drople as og Adgo har flytta inn i våre lokale. Drople as er eit selskap som driv med content marketing (eller innhaldsmarknadsføring), medan Adgo veit mykje om korleis ein blir synleg i Google-verda. Vi er dermed skodd til å ta slike utfordringar som Avery Dennison NTP har.

Les meir om content marketing, søkemotoroptimalisering og digital annonsering her.

Gasta Design