Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

6 steg til video-suksess

av Hilde Nes, designer

 

Her er våre seks tips for å få suksess med video på Facebook, nettside eller nyheitsbrev:

1. Klar målgruppe og klar målsetting

I eit briefmøte på join.me eller skype gjennomgår vi målgruppa og lagar oss ei klar målsetting for videoane.

2. Gjer det enkelt

Vi vil gjerne lage ein kort og engasjerande video. Vi er opptekne av å halde oss til eit emne og berre det. Historieforteljing på nokre sekund er utfordrande, men vi likar det:-)

3. Starten er viktig

Dei første tre sekundane i videoen er avgjerande, så vi bruker mykje energi på starten av videoen. Og det er slett ikkje sikkert det er smart å bruke fem sekundar på å vise logoen din!

4. Call-to-action

Skal vi oppnå målet med videoen, er det avgjerande at innhaldet i videoen skaper ein respons, enten ved at dei les meir på nettsida, kanskje fyller ut eit skjema eller ringjer deg.

5. Sørg for distribusjon

Vi hjelper gjerne til med distribusjon av videoen. Vi kan administrere annonsekampanje på Facebook, Google Adwords, LinkedIn eller andre kanalar eller jobbe for at videoen skal få organisk distribusjon.

6. Få ned kostnaden - tenk "videoabonnement"

Få ned kostnaden og skap større suksess ved å tenke abonnementsvideo. Tenk ein serie med videoar, slik vi har gjort det for Førdefestivalen:

Komme i gang med video?

Gasta Design