Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

– Kommunikasjon i sosiale medium fungerer over all forventning

Suksesshistorie #3: SIMAS har berre vore på Facebook eit drygt år, men ser allereie stor effekt av innsatsen dei har lagt ned.

Vi i Gasta ønskjer å fortelje meir om kundane våre, og vise forskjellar og likskapar. Korleis skape suksess? Kva digitale verktøy vert nytta? Korleis jobbar dei med marknadsføring? Denne gongen snakkar vi med SIMAS IKS i Festingdalen.

SIMAS (Sogn interkommunale miljø- og avfallselskap) er eigd av ni kommunar, der ”alle” innbyggjarane er kundar. Målet er difor ikkje å få fleire kundar, det er å få fleire fornøgde kundar. Då er informasjonsarbeidet viktig.

– Vi får mange spørsmål frå kundane våre, om alt mogleg. Tidlegare har vi svart på telefon, nytta annonser i avisa og gitt ut magasinet ”Reint Sagt”. Men nå som vi er på Facebook, kan vi som oftast respondere kunden raskare, fortel Aud Jane Beheim, økonomisjef i SIMAS.

– Bra med kritiske spørsmål

Før SIMAS kom seg på Facebook var dei redde for å få negative kommentarar, men det har det vore lite av. I dag opplever dei at kundane har gode spørsmål og innspel.

– Nokre kan vere kritiske, men det er ikkje negativt å få konstruktiv kritikk. Blir vi gjort merksame på ting vi burde vore betre på, har vi moglegheit til å løyse dei problema. Nokre kritiske meiningar kan vera basert på lite eller feil informasjon. Då får vi ein fin anledning til å gje betre informasjon og avklare misforståingar, fortel Beheim.

Men det krevst at vi brukar ein del ressursar på det, det kjem ikkje av seg sjølv. Vi må prioritere tid og pengar for å oppretthalde ein god kommunikasjon.
— Aud Jane Beheim, økonomisjef i SIMAS

Når raskare ut til kundane

SIMAS opplever at Facebook er ein lettvint og rask måte å få ut informasjon til kundane på. Om til dømes bosbilen ikkje kjem fram ein dag grunna vêret, kan dei publisera informasjon på Facebook og betale for geografisk rekkevidde i det aktuelle området.

– Vi viser ofte til heimesida vår. Her kan vi ha meir utfyllande informasjon og kundane kan klikka seg rundt å finne svar på fleire spørsmål.

Kjem ikkje av seg sjølv

Eit viktig mål for Simas er å bli meir papirlaus, både med tanke på økonomi og miljø. Dei har sendt ut store mengder papir til alle husstandar i fleire år, nå har dei redusert papirforbruket betrakteleg ved å informere meir på nett.

– I tillegg ønskjer vi å følgje med i tida og nytte dei kanalane som stadig fleire av våre kundar nyttar, fortel Beheim.

Ho synest det har gått mykje lettare enn forventa å bli meir digital. Dette skuldast hjelp frå eksterne selskap som Drople og Gasta.

– Vi har fått gode råd og god hjelp til å utarbeide artiklar og innlegg som er eigna for Facebook. Vi har hatt fokus på kontinuitet på Facebook, særleg ofte i starten for å nå ut til flest mogleg. Å finne innhald har vore greitt då vi har mykje vi ønskjer å informere om.

– Men det krevst at vi brukar ein del ressursar på det, det kjem ikkje av seg sjølv. Vi må prioritere tid og pengar for å oppretthalde ein god kommunikasjon, legg Beheim til.

Gasta Design