ZERoh!

Fargerike nettsider i Squarespace på norsk og svensk.

Produkta frå ZERoh! er forfriskande både i smak og farge. Dei kjem i eit stort utvalg spennande smakar, slik at ein stadig kan variere, utforske og utfordre seg sjølv. Dette fargerike universet ville vi spegle i webdesignet på deira nye nettside. Difor er det valgt klare og friske fargar, kombinert med eit lett og leikent uttrykk på nettsida.

Det var særleg viktig for ZERoh! at dei nye nettsidene presenterer produkta på ein oversiktleg og elegant måte.

Med oppsettet i Squarespace er det no enklare for dei besøkjande å finne fram til dei ulike produkta, samtidig som det er ein smal sak for ZERoh! sjølv å redigere lista når det måtte trengs. Vinn-vinn!

Sjølv om ZERoh! er ein produktserie frå norske Lerum, sel dei og til den svenske marknaden. Difor utvikla vi ikkje berre ein norsk versjon av nettsida, men og ein svensk versjon - sjøvsagt basert på det same gode oppsettet i Squarespace.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Enny

Neste
Neste

Hockeystick Impact