Norges Fjellstyresamband

Nettsider til alle fjellstyra i landet. Komplisert prosjekt - gjort enkelt.

 

Nettside, intranett og nettbutikk

Prosjektet starta ved at vi utvikla nettside for Norges Fjellstyresamband. Eit enkelt intranett vart også utvikla i tillegg til at vi tok i bruk Squarespace eCommerce til nettbutikk, der tilsette i fjellstyra kan kjøpe bekledning.

Nettsidemal

Vi brukte ein del tid på å utvikle ein gjennomtenkt mal som alle dei 94 fjellstyra i landet kan ta i bruk. Vart utvikla som template i Squarespace, og dermed enkel for oss å implementere.

Enkel struktur

Designet har sterk fokus på enkel struktur, der den ikonbaserte hovudmenyen er lik for alle. Store bildeflater var også eit sentralt mål, ettersom det er ei klar målsetting å få folk ut i naturen.

Dokument og styremøter

Vi utnytta event/arrangementsmodulen i Squarespace til å lage ei strømlinjeforma løysing på dokumentstyring og presentasjon av styremøter.

Vi er kjempefornøyde med samarbeidet med Gasta. Prosjektet har gitt oss enkle, oversiktlige sider med et design som får frem foto på en god måte. Support og oppfølging fra Gasta er rask og god, og tilbakemeldingene fra fjellstyrene er også postive.
— Torgeir Lande, Norges Fjellstyresamband
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

FjordSlottet Hotell

Neste
Neste

Visit Årdal