Brødrene Aa

Eit norsk industrieventyr med karbonfiber og miljø i fokus.

 

Stilreine nettsider i Squarespace

I 2018 utvikla vi nye nettsider for Brødrene Aa. Designet vart modernisert, forenkla og stramma opp. Med små justeringar, utskifting av bilde og oppdatert informasjon, står nettsiden like stilreint i dag.

Merkevare og visuell identitet

Vi har jobba med både merkevare og visuell identitet for suksessrike Brødrene Aa i fleire år. I 2013 la båtbyggeriet, med over 130 tilsette, ein strategi om å satse på båtar i karbonfiber og vi utvikla grafisk profil i tråd med den nye strategien.

Vidare har vi utvikla brosjyrer og anna materiell for å byggje merkevaren.

Deliveries i fokus

Brødrene Aa er oppteken av å vise kva båter dei har utvikla og levert. På nettside har vi satt opp ein seksjon for Deliveries, der dei enkelt kan leggje ut nøkkelinformasjon om båten, bilde og teikningar - så kjem det ut i ein rein og oversiktleg mal.

Innhaldsproduksjon og SoMe

Brødrene Aa ønskjer å fortelje meir om prosjekta og båtane i drift, i tillegg til at dei treng hjelpt til pressemeldingar med jamne mellomrom.

Vi jobbar fast med å rådgje og produsere innhald til å spreie i kanalane deira - og ser til at aktiviteten i sosiale medium er god, ved hjelp av faste rapportar og statusmøte.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Reiulf Ramstad Arkitekter

Neste
Neste

Sponsor Insight