merkevareplattform

Skal du bli lagt merke til og vere føretrekt framfor andre, må du skaffe deg mentale marknadsandelar. Det gjer du best ved utvikling av merkevare. Dette krev innsats og er ein prosess som må vere eigd av leiinga i selskapet.

Merkevareplattform - innhald

Ein merkevareplattform inneheld:

  • visjon - det vi skal strekke oss etter

  • misjon - kvifor eksisterar vi? kva verdi tilfører vi?

  • verdiar - kva emosjonelle og funksjonelle verdiar skal merkevara byggje på?

  • merkevareløfte - kort setning, løfte du gir i kommunikasjonen

  • posisjonering - vår posisjon i forhold til konkurrentar

Gasta har og erfaring med at The Golden Circle kan vere ein god øving og utgangspunkt for utviklinga av merkevareplattform.
Les meir om Golden Cirle og Why, How, What

Merkevarehistorie

Når folk spør kva du driv med, vinn du mykje på å ha ei enkel og god merkevarehistorie. Ein god innøvd presentasjon av bedrifta, i korte trekk. Det er dette amerikanarane kaller "elevator pitch" - ein presentasjon du rekk å seie i løpet av ein heistur.

Merkevarehistoria skal reflektere visjon og posisjon (merkeløfte), men sei meir - og trigge interesse hos kunden.

I dag blir denne historia stadig meir viktig. I ei nettverd full av støy, har du ikkje lang tid til å fange interessa. Her krevst godt arbeid med ord og formuleringar, noko vi gjerne hjelper deg med.

Det er eit strategisk anliggande å avgjere kva overordna historie som gjeld for merkevara.

Ønskjer du ein prat om merkevarebygging? Ta kontakt med Vidar Bondevik.