Rett fokus fekk Fresvik Produkt til å snu ein negativ trend

Fresvik Produkt starta i 1980 og har i dag 40 tilsette. Foto: Trygve Indrelid

Fresvik Produkt starta i 1980 og har i dag 40 tilsette. Foto: Trygve Indrelid

Suksesshistorie #2: – Vi har satsa på det området der vi er best, og spesialisert oss på det. 

Vi i Gasta ønskjer å fortelje meir om kundane våre, og vise forskjellar og likskapar. Korleis skape suksess? Kva digitale verktøy vert nytta? Korleis jobbar dei med marknadsføring? Denne gongen snakkar vi med Fresvik Produkt.

I fjor skreiv Sogn Avis at Fresvik Produkt gjekk i pluss etter fleire tunge år. Åra 2009 og 2010 var to særs tunge år for hjørnesteinsbedrifta, som gjekk med seks og sju millionar kroner i underskot. Men no har trenden snudd.

I denne bransjen har vi svært kort horisont. Om eit år er bra, så treng ikkje det bety at alt vil gå bra framover. Så vi må ta vare på alle kundar, sjølv om vi trur det er ein eingongskunde. Dei skal behandlast på beste måte slik at dei ønskjer å handle med Fresvik Produkt òg for ettertida.
— Gyda Bøtun, administrerande direktør.

Fokus på kjerneområde

Gyda Bøtun, administrerande direktør.

Gyda Bøtun, administrerande direktør.

– Vi har satsa på det området der vi er best, og spesialisert oss på det. Det vil seie at vi leverer eigenproduserte isolasjonselement til kjøle- og fryserom og andre lagerbygg. Alle våre panel er ferdig tilpassa og blir låst saman med eksenterlås. Ei unik løysing, seier Gyda Bøtun, administrerande direktør.

Ho fortel at den positive utviklinga er eit resultat av godt samspel i heile bedrifta. Frå seljarane, gjennom organisasjonen, til transportøren som bringar produktet ut til kunden.

Avhengig av tillit

– Vår suksess er avhengig av tillit frå kundane, både til oss og til produktet vårt. Vi må levere heilt på høgde med tilsvarande produkt, utdjupar Bøtun.

Fresvik Produkt er i dag einaste bedrift i Noreg som produserer slike isolasjonselement. Dei konkurrerer med importprodukt, oftast frå lågkostland. Då er dei heilt avhengige av at den norske marknaden har tillit og oppfattar dei som ei skikkeleg bedrift med eit godt produkt.

– For å klare dette må alle tilsette som kjem i kontakt med våre kundar vere tillitsvekkande, understreker Bøtun.

At dei er den einaste norske bedrifta igjen i sin bransje, seier noko om at dette er eit tøff marknad, og Fresvik Produkt er lita samanlikna med konkurrentane. Fordelen deira er fleksibiliteten dei kan tilby. Bøtun fortel at kundane truleg opplever ein heilt anna mottak om dei vender seg til europeiske leverandørar. Her må ein ofte stille seg i kø uansett oppdrag.

– Vi kan snu oss rundt når kunden har ekstraordinære forhold.

Fleire kommunikasjonskanalar

Seljarane står for mykje av kommunikasjonen med kundane. Men dei siste åra har bedrifta i auka grad jobba med digital marknadsføring, ved hjelp av nyheitsbrev, sosiale medium og heimesider. Dette for å vere meir tilgjengeleg for kundane.

– Då er det godt å ha ei bedrift som Gasta, som kan hjelpe oss med å sjå korleis vi bør framstilla det vi vil fortelje til kundane, seier Bøtun.

Dette gjer at dei kan kommunisere betre med kundar dei ikkje er så ofte i kontakt med. Vi sender jevnleg ut nyheitsbrev, som har ei opningsrate rundt 40%, og innimellom kjem det ei gode tilbakemeldingar frå kundar som kommenterer det dei har lese.

Kan ikkje slå seg til ro med suksess

Fresvik Produkt har vore på Facebook ei stund. Ein meir uformell kommunikasjonskanal, der dei fortel om små og store hendingar i bedrifta.

– Vi har ikkje betrakta dette som nokon stor marknadsføringskanal, men vi blir stadig overraska over kor mange som les Facebook-sida vår og kor kjapt det kjem ut til lesarane våre. Eg trur vi har langt meir å gå på her.

Det dei veit, er at kommunikasjon med kundar er avgjerande viktig. Dei må oppfatte at dei blir vel mottekne, og at Fresvik Produkt er interesserte i å løyse deira utfordring.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny nettside for Ålhytta

Neste
Neste

Revolusjon i byggebransjen