SMS

Alle les SMS. Dei fleste, innan 4 minutt! Mobilmarkedsføring via SMS er derfor ein spennande kanal, spesielt for B2C-sektoren. Men, det er også mulegheiter innan B2B!

Analysebyrået Gartner Group spår at merkevarebedriftene vil 8-doble si investering i mobilmarkedsføring frå 2010 fram til 2015. Fleire og fleire bedrifter får no opp augene for denne kanalen.

Det er mange måtar å bruke SMS på, men størst effekt har det om du kombinerar det med andre kommunikasjonsformer. Ein butikk kan for eksempel generere påmeldingar til sin eigen kundeklubb ved å oppmuntre kundar til å sende ein SMS med eit kodeord til eit bestemt telefonnummer. SMS-tenesta hentar automatisk korrekt adresse frå telefonregisteret og ber mottakar sjekke om det stemmer, og eventuelt rette opp adressa. Så kan butikken når som helst sende ut tilbod og lanseringar eller invitasjon til VIP-arrangement i butikken, og generere fysisk trafikk og salg eigentleg når dei sjølv vil. 

Den same butikken kan også bruke SMS til å skaffe nye kundar ved å benytte segmentert utsending til markedsdatabaser der mottakarane har takka ja til å motta tilbod og nyheiter på SMS som passar til deira interesser og profil. Butikken kan då enkelt sortere ut alle kvinner i alderen 18-25 år frå det og det postnummeret. 

Kanskje driv du innan B2B og vil sende påminningar til påmeldte på eit kurs eller ein konferanse? Kanskje vil du bruke SMS internt? Eller i kombinasjon med e-post? Det er kun kreativiteten, vel, og sjølvsagt lovverket, som set grenser for kva du kan bruke SMS til. Kanskje du allereie ser mulegheitene for di bedrift? Ta kontakt for ein prat om dette!

Ta kontakt!

Vil du vite meir om ROMI og gjennomføring av eit multikanal-prosjekt?

Kontakt Erlend Førsund på tel. 454 00 014 eller post@gasta.no