Merkevarebygging (eng. branding) handlar om å etablere og kommunisere ei merkevare, og slik bygge preferanse hos målgruppa og dermed auka sal og eit godt omdøme. Ein merkevarestrategi er det første steget.
I merkevarestrategien går vi inn i den djupaste delen av bedrifta si sjel. I denne prosessen blir vi ordentlig kjend vår eigen identitet og kva slags image (oppfatting) omverda har av oss. Ofte er identiteten vår eit resultat av tilfeldigheiter. Men i merkevarestrategien kan vi med blanke ark begynne å skissere opp kven vi ønskjer å vere og korleis vi ønsker at omverda skal sjå på oss.
Identitet og image
Vi seier ofte at ei merkevare har ein identitet og eit image.
Identiteten, merkevara sitt sjølvbilete eller personlegdom, kan vi kontrollere sjølve gjennom måten vi presenterer merkevara på. Anten vi snakkar om eit produkt (eng. brand identity) eller ei bedrift (eng. corporate identity), kjem identiteten til uttrykk på tre måtar:
- Symbol: Logoar, fasadar, interiør, kjøretøy, uniformer, design.
- Kommunikasjon: Reklame, PR, intern marknadsføring.
- Åtferd: Kundeservice, bedriftskultur, rutinar, sal, språk.
Med image meiner vi oppfatninga målgruppa har av merkevara, basert på vår åtferd, kommunikasjon og symbolbruk. Og det er her merkevara lever og utviklar seg, i hovuda på kundane.
Ei sterk merkevare vil gi deg stolte kollegaer, fornøgde kundar og mest sannsynleg gi deg eit løft i omsetning og på botnlinja over tid.
Ønskjer du å ta ein prat rundt det å etablere og bygge ein solid merkevare for di bedrift eller produkt, så ta kontakt med oss.